Lokkar donorar med pengar
(NPK): - Dette er svært uheldig, seier leiaren for Den nasjonale forskingsetiske komité, Beate Indrebø Hovland. Ho meiner dette kan setje forskinga i vanry.
Rikshospitalet har hengt opp plakatar på sjukehuset, på universitetet og i fleire butikkar i Oslo der dei spør etter donorar av beinmarg til forskingsprosjekt. Betalinga er 500 kroner.
Beinmargen skal brukast i forsking på stamceller. Sjølve donasjonen skjer ved at ein stikk ei nål i brystbeinet eller hoftekammen og syg ut mellom 50 og 80 milliliter beinmarg.
Beate Indrebø Hovland er leiar i Den nasjonale forskingsetiske komité for medisin (NEM). Ho meiner forskarane har utvist dårleg dømmekraft i denne saka.
- Vi tilrår aldri å rekruttere folk på denne måten, seier Hovland til Dagsavisen. Ho fryktar at studentar ikkje tenker over kva dei er med på når dei vert freista med pengar.
- Sjølv om dette er eit forholdsvis enkelt inngrep, vil det alltid kunne medføre ein viss risiko og ubehag.
Hovland synest det er trist at dette prosjektet - som på sikt kan gagne mange - må ty til slike midlar for få menneske til å stille opp. Samtidig er ho redd det kan virke mot føremålet sitt.
Konstituert seksjonsoverlege Torstein Egeland ved Immunologisk institutt på Rikshospitalet-Radiumhospitalet beklagar den forma oppslaget fekk.
- Dette er mitt ansvar som leiar for og hovudrettleiar på prosjektet. Vi beklagar at dei blei hengt opp på Rimi og på Universitetet i Oslo. Dei skal ned no! poengterer Egeland. Han fortel at forskingsprosjektet har gått føre seg i 15 år.
- Frå no av vil vi berre vende oss til medisinstudentar, biologistudentar samt avdelingspersonell for å skaffe frivillige gjevarar. Studentane skal framleis få honorar for beinmargsvæska. Ein praksis som er godkjent av Den regionale etiske komitéen vi tilhøyrer. (NPK)