Vil setje karakterar på barnehagane

Den danske regjeringa går inn for å utvikle eit karaktersystem for barnehagar og aldersheimar. Slik skal ein frå 2009 på ein eintydig måte kunne sjå korleis kvaliteten er på den enkelte institusjonen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Den danske regjeringa vil språkteste alle barnehagebarn for å kunne setje karakterar på barnehagane. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)Den danske regjeringa vil språkteste alle barnehagebarn for å kunne setje karakterar på barnehagane. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Alle institusjonar skal få ein individuell karakter som skal vere eit mål på kvaliteten. Karakteren skal vere basert på korleis barna klarar seg språkleg, om barnehagen følgjer opp læreplanar, korleis det står til med rørsle og rytmikk og i kva grad foreldra er nøgde med institusjonen.

Føremålet med forslaget skal vere at foreldra får eit einsarta grunnlag for å velje barnehage for barna sine. Eit poeng kan og vere at tilsette kan lære av dei beste institusjonane.

Del av reform

Forslaget er ein del av ei omfattande kvalitetsreform innan offentleg sektor i Danmark. Innanriks- og helseminister Lars Løkke Rasmussen vil ikkje utelukke språktest av alle barnehagebarn for å kunne setje karakter på institusjonen deira.

Det er ikkje avgjort korleis karakterskalaen vil sjå ut, men i følgje Rasmussen kan det kome til å bli eit fargesystem som med eit blikk fortel korleis det står til med kvaliteten. - Alle institusjonar som yter borgarnær service skal ha ei tavle ved inngangen der ein på ein lett og overskodeleg måte kan lese korleis institusjonen greier seg kvalitetsmessig, seier Rasmussen til den danske avisa

Berlingske Tidende

.

Ikkje-byråkratisk


Rasmussen meiner at ordninga skal gjennomførast på ein ikkje-byråkratisk måte, og at ressursane som går inn i dette arbeidet ikkje skal gå ut over talet på stillingar i omsorgsyrka.

Kritikk frå kommunane


Verken kommunar eller pedagogar har mykje til overs for forslaget. Henrik Larsen, som er leiar av Børne- og Kulturudvalget i Kommunernes Landsforening, ser forslaget som eit uttrykk for mistillit til kommunane.

- Regjeringa ser openbert hitlister og karakterar som svaret på alt mellom himmel og jord. Trur ikkje Rasmussen at vi har styring på kva institusjonar som er gode og kva som er mindre gode? Trur han ikkje at vi gjer jobben vår? er Larsens kommentar til saka.

Han trur eit karaktersystem vil verke negativt, fordi det vil gje dei ressurssterke foreldra moglegheit til å velje dei beste institusjonane.

Også pedagogane reagerer på forslaget frå regjeringa. Lis Pedersen frå Forbundet for pædagoger og klubfolk i Danmark meiner karakterane vil gje eit alt for unyansert bilete.

Ho nemner til dømes at barnehagar med mange tospråklege barn vil kome negativt ut i språktestar og dermed trekkje karakteren til institusjonen ned.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus