Abortlov skapar kontroversar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nicaraguanarane er i opprør etter at den nye lova som totalforbyr abort har kravd to menneskeliv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Torsdag sist veke, berre dagar etter at den kontroversielle abortlova vart vedteken, døydde ei 18 år gammal kvinne og fosteret hennar på eit sjukehus i hovudstaden Managua. Kvinna var då fem månader på veg.

Juanita Jiménez frå Womens Autonomous Movement meiner abortlova vil føre til at legar vegrar seg for å utføre naudsynte abortar av frykt for fengselsstraff. (Foto: yachana.org)Juanita Jiménez frå Womens Autonomous Movement meiner abortlova vil føre til at legar vegrar seg for å utføre naudsynte abortar av frykt for fengselsstraff. (Foto: yachana.org)


Legane fryktar straff


- Det er heilt klart at frykt for straff heldt legane frå å gjere det dei skulle gjort for å redde livet hennar, nemleg å abortere med ein gong, seier Juanita Jiménez, ifølgje Washington Post. Jiménez representerer ei uavhengigheitsrørsle for kvinner i Nicaragua.

Kvinnerørsla har jobba mot den nye abortlova i landet, og dei meiner det er nettopp slike hendingar den strenge abortlova vil leie til.

- Me er attende i middelalderen, seier Jiménez.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men sjukehuset er ikkje samde. Leiinga ved sjukehuset seier det som skjedde ikkje hadde med den nye abortlova å gjere, og at kvinnerørsla brukar saka for alt ho er verd.

Dødsfalla blir no etterforska av nicaraguanske styresmakter.

President Enrique Bolanos underteikna 18. november ei ny lov som gjer at abort blir totalt forbode i Nicaragua. (Foto: presidencia.gob.ni)President Enrique Bolanos underteikna 18. november ei ny lov som gjer at abort blir totalt forbode i Nicaragua. (Foto: presidencia.gob.ni)


Kontroversiell lov


Det var 18. november i år at president Enrique Bolanos underskreiv lova som gjer at abort er forbode i Nicaragua, utan omsyn til om kvinna har blitt gravid ved valdtekt eller om mora eller barnet sitt liv er i fare. Ulovlege abortar blir straffa med inntil seks års fengsel.

Stordelen av det medisinske miljøet i Nicaragua har vore mot den nye lova.

Abort har vore ulovleg i Nicaragua i meir enn hundre år, men den førre lova var noko meir liberal i forhold til valdtekt, skadar på fosteret og fare for mors liv. Med unntak av Cuba, har dei fleste landa i det katolskdominerte Latin-Amerika totalforbod mot abort.

Store mørketal


Tal frå helseministeriet i Nicaragua syner at det berre blei gitt løyve til seks abortar i landet i fjor, men pro-abort-organisasjonane trur så mange som 32 500 kvinner fekk utført ulovlege og potensielt farlege abortar førre året.

Meir utanriksstoff i Neste Klikk:

ABC Startsida: