Åtvarar mot e-søppelberg

Artikkelen fortsetter under annonsen

FN åtvarar verdas rikaste land mot å dumpe elektronisk søppel i fattige afrikanske land.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Afrika er blitt ein digtial dumpingplass, seier Unep. E-søppelet blir ofte brent, som her i Lagos, og det forureinar både lufta og jorda. (Foto: scienceinafrica.co.za)- Afrika er blitt ein digtial dumpingplass, seier Unep. E-søppelet blir ofte brent, som her i Lagos, og det forureinar både lufta og jorda. (Foto: scienceinafrica.co.za)

- Forbruket skapar eit søppelberg av elektronikk, seier leiar av FNs miljøprogram (Unep), Achim Steiner, ifølgje BBC

Digital dumping

Kvart år blir t.d. 100 000 brukte datamaskinar, TV-apparat og telefonar, eller såkalla e-søppel, dumpa i den nigerianske hamnebyen Lagos, syner ei undersøking gjort av Basel Action Network.

Av desse er det truleg berre ein fjerdepart som er gode nok til å brukast om att. Resten må handterast som avfall, og blir då brent. Når elektroniske apparat blir brente, kan det gi giftig røyk og leke kjemikalium som barium og kvikksølv ned i bakken.

50 millionar tonn


Denne veka er Unep samla i Nairobi for å diskutere Basel-konvensjonen frå 1989 som kom i stand nettopp for å regulere søppelhandtering i ei kvar form. Ifølgje Unep blir det kasta opp mot 50 millionar tonn elektronisk søppel årleg.

Unep åtvarar no den rike verda mot å la synkande prisar på elektronisk utstyr og den raske teknologiske utviklinga føre til større auke i e-forbruket. Meir utstyr blir meir søppel, seier dei, og no vil dei prøve å stramme inn eksisterande regelverk for å hindre forsøpling og i neste omgang forureining.

Baselkonvensjonen
, eller Konvensjon om transport av farleg avfall, har som mål å «redusere transport av farleg avfall over landegrensene til eit minimum». Noreg ratifiserte konvensjonen i 1990.

Meir i Neste Klikk:


ABC Startsida: