36 mista livet i flyulykke i Iran

36 personar omkom då eit iransk militærfly styrta kort tid etter at det tok av frå flyplassen i Teheran, melder iransk TV.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Teheran (NTB-Reuters): Eit iransk militærfly styra ved avgangen frå flyplassen i Teheran tidleg måndag morgon. 36 mennesker omkom, ifølgje den iranske revolusjonsgarden.

Det skal ha vore seks besetningsmedlemer og 30 medlemer av revolusjonsgarden om bord på flyet, og alle desse omkom i ulukka. I tillegg vart to personar skadde.

- Det krasja i enden av rullebana klokka 7.30 lokal tid, seier ein talsmann for dei sivile luftfartsmyndigheitene i Iran, ifølgje nyhendebyrået Fars.

Tidlegare på morgonen meldte iransk TV at 38 mennesker hadde omkome, men dødstalet vart seinare endra til 36.

Flyet av typen Antonov-74 tilhøyrde den iranske revolusjonsgarden og var på veg til Shiraz i den sørlege delen av landet.

Årsaka til ulukka var like etterpå ikkje kjend. (©NTB)

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus