Når rettane blir mange

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det går fint an å halde vekta i julebordsesongen. Med små justeringar på tallerkenen reduserar du kaloriinntaket med 60 prosent.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: SCANPIX)(Illustrasjonsfoto: SCANPIX)

Oslo (ANB): I førjulstida er porsjonane større, me forsyner oss flere gonger, me et fleire rettar, maten inneheld fleire kaloriar og ikkje minst: Det er akseptert at me et mykje.

Hjå slankeveteranen Grete Roede AS legg dei merke til fråtseriet.

- Det er ikkje mange som melder seg på kurs her i adventstida, men fleire ser ut til å vere klar over kva all julematen leier til. Det er nemlig mange som allereie no bookar plass på kursa våre i januar, seier direktør Jeanette Roede til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Ho understrekar at dei ikkje er ute etter å ta jula frå nokon.

- Nei, ein skal la jul vere jul, men det går an å førebu seg. Når du handlar bør du tenkje «alt med måte» og ikkje gløyme å kjøpe mykje sunt tilbehør. Grunnregelen er at middagstallerkenen skal bestå av ein tredel kjøt eller fisk, ein tredel ris, pasta eller potet og ein tredel grønsaker, seier Roede.

Når ein får servert mat, er det ikkje like enkelt å regulere inntaket.

- Det fyrste ein kan gjere er å trene litt ekstra og ete sunt dagane før julebordet. Då kan ein ete godt med godt samvit. Det er mykje lettare å motivere seg til å trene dagen før eit julebord enn dagen etterpå, seier Roede. (ANB)