Brustad opnar for pol i alle kommunar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Helseminister Sylvia Brustad (Ap) opnar for hundre nye vinmonopol i Noreg. Det tyder minst eitt pol i kvar kommune som ønskjer det.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: sxc.hu)(Foto: sxc.hu)

Samtidig varslar helseministeren at den raudgrøne regjeringa vil halde fast på alkoholavgiftene og opningstidene for polutsala.

Helseministeren vil vere i forkant av eit press frå EU og meiner at fleire pol styrkjer ordninga:

- Dette er ikkje noko frislepp av alkoholsal, men ei ordning for å hindre at polet forvitrar. Fleire parti i Noreg ønskjer vin og sprit i butikken, og mange land har det. Det ønskjer ikkje regjeringa, seier Brustad.

- Skal vi hindre presset og makte å behalde Vinmonopolet som det instrumentet det er, må ordninga bli forstått og ha legitimitet. Det er vanskeleg dersom folk opplever at det er langt til nærmaste pol, held ho fram.

Brustad ser ikkje for seg at pol på kjøpesenter skal kunne følgje senteret si opningstid, og understrekar at avgiftene ligg fast.

- Vi har ingen planar om å senke alkoholavgiftene. Grunnen er enkel. Forbruket går opp og skadane blir større, seier helseministeren. (©NTB)