Friskuleelevar presterer best

Elevar som går på friskular, lærer meir enn elevar i den offentlege skulen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Resultata gjeld både i grunnskulen og i vidaregåande utdanning. Størst suksess har dei kristne friskulane, skriv Dagsavisen.

Det er ikkje berre flinke elevar og ressurssterk bakgrunn som har æra for dei gode resultata, slår den største samanlikninga av elevresultat som nokon gong er gjort her til lands.

- Skulen skal ha halve æra for resultata, fastslår Hans Bonesrønning ved Senter for økonomisk forsking ved NTNU.

Forskarane har ikkje noko godt svar på kvifor det er slik, men elevane meiner det kjem av at dei har gode lærarar.

No vil Kunnskapsdepartementet ta kontakt med friskular for å få råd til å styrke den offentlege skulen. (NPK)

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus