600.000 tonn teskeier forsvinn årleg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ingen veit kvar alle teskeiene tar vegen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: SCANPIX)(Illustrasjonsfoto: SCANPIX)

(NPK): Det starta som alminneleg irritasjon over at teskeiene alltid forsvann, og resulterte i ein forskingsartikkel, skriv Vårt Land.

Australske forskarar nummererte 70 teskeier og la dei rundt omkring på instituttet. Fem månader seinare prøvde dei å finne att teskeiene. Resultatet var at 80 prosent var søkk vekke. Eit anna forsøk ved eit sjukehus i Paris gav dei same resultata. Og med bakgrunn i forsvinningsprosenten på desse arbeidsplassane, har forskarane rekna ut at 252,4 skeier forsvinn årleg på ein arbeidsplass med 140 tilsette.

Om dette er eit globalt problem, reknar forskarane at 20 milliardar teskeier forsvinn kvart år. Det tilsvarar 600.000 tonn. (NPK)