Ein stor og lykkeleg breibandfamilie

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvifor betale for noko du allereie har betalt for? Det er filosofien til mannen bak det trådlause delingsnettverket Fon.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I vår var den argentinske it-entreprenøren Martin Varavsky i Stockholm for å introdusere ideen for svenskane.

Du kan få tilgang til Internett gjennom Fon i mange land. (Foto: Fon.com)Du kan få tilgang til Internett gjennom Fon i mange land. (Foto: Fon.com)

Kvifor skal ein betale for trådlaus internett-tilgang når ein er på farta, når ein alt betaler for breibandet heime?

Gir og tar


Medlemene av Fon, også kalla foneros, lar andre få tilgang til sin eigen internett-tilgang, mot at dei får bruke andre sine nett når dei sjølve er på reis. Dette funkar sjølvsagt ikkje optimalt før mange blir med, og til no har selskapet samla 160 000 foneros over store delar av verda.

I Sverige vil det vere behov for 45 000 brukarar for å få tilstrekkeleg god dekning. No, etter nokre månader, er talet oppe i 1 500. Men om eitt års tid reknar Varavsky med at eit høveleg tal svenskar er knytt til gratisnettet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Du kan bli fonero på tre ulike nivå, anten som Linus, Bill eller Alien. Aliens betaler for å vere med, Bills tener på nettverket og Linusane får og gir alt gratis. (Ill: Fon.com)Du kan bli fonero på tre ulike nivå, anten som Linus, Bill eller Alien. Aliens betaler for å vere med, Bills tener på nettverket og Linusane får og gir alt gratis. (Ill: Fon.com)

Gratis router


For å vere med i nettverket, må ein investere i ein router. No tilbyr Fon svenskane denne routeren gratis fram til jul, ifølgje svenske

E24

. Slik håpar han at fleire skal få auga opp for prosjektet og slutte seg til.

Routeren kostar vanlegvis omlag 30 euro og sender ut signal frå breibandet ditt slik at du kan dele dei med andre. Sidan alle i nettverket må registrere seg med fullt namn og adresse, meiner Varavsky at denne måten å dele nett på er trygg.

Pengar


Både Skype og Google har spytta finansar inn i Fon, som førebels ikkje har tent særleg mykje pengar. Men ideen er at dei skal kome frå folk som ikkje vil dele nettet sitt med andre, men som likevel vil ha tilgang til rimeleg Internett gjennom Fon.

Det finst foneros også i Noreg, mest rundt dei største byane, men du finn dei også både i Lofoten og i Finnmark. Viss du går inn på

Fon-kartet

, får du ei oversikt over utbreiinga.


Kjelder:


Les meir teknogreier i Neste Klikk:

ABC Startsida: