Pinnekjøt halar inn på svineribba

Artikkelen fortsetter under annonsen

Svineribba taper terreng til pinnekjøtet som julemiddag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: SCANPIX)(Illustrasjonsfoto: SCANPIX)

Oslo (ANB): Trenden syner at jenter frå Vestlandet tar med seg pinnekjøtradisjonen heimanfrå og utfordrar svineribba til svigermor på Austlandet og i Trøndelag.

- Vi ser at pinnekjøt spreier seg til stadig fleire stader i landet, og til stader som ikkje har tradisjon for slik mat julekvelden. Ein av teoriane er at jenter som flyttar frå Vestlandet tar tradisjonen med seg til nye områder. For eksempel er pinnekjøt no på frammarsj på Austlandet og i Trøndelag. Gutane der har nok ikkje så mye de skulle ha sagt, seier Margot Loe i Opplysningskontoret for Kjøtt (OFK) til Nationen.

Ho får støtte frå Annechen Bugge, som har forska på julemat og juletradisjonar. Halvparten av befolkninga et svineribbe, ein tredjedel føretrekk pinnekjøt, ifølgje OFK.

- På Vestlandet står pinnekjøt utruleg sterkt som tradisjon både julekvelden, i romjula og i nyttårshelga. Andre stader i landet er ikkje tradisjonane fullt så sterke, og dermed vinn kanskje pinnekjøtet fram dersom ein vestlending kjem inn i familien, seier Bugge, som kanskje kunne lagt til at smaken av tørka lammeribbe ikkje står tilbake for svineribbe. (ANB)