Bokmål i fengselet

Då fangane i Hustad fengsel i Møre og Romsdal fekk brev på nynorsk, protesterte dei heftig og meinte juristen som skreiv brevet hadde brote lova.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fangane synte til §6 i Mållova som mellom anna seier at «Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet.»

Det er ikkje første gongen at fangane har klaga på brev på nynorsk, men denne gongen sendte dei klaga til Kriminalomsorgens sentrale forvaltning i Justisdepartementet, og derfrå vart brevet sendt til Region Vest. Regiondirektør Per Sigurd Våge i Kriminalomsorgen Region Vest seier til Aftenposten at den aktuelle juristen alltid har nytta nynorsk, og at dei alltid har vore nøgde med arbeidet han har gjort.

Men dei innsette i Hustad fengsel tykkjer det er vanskeleg å forstå kva advokaten skriv, og får frå no av breva på det målet dei ønskjer: Bokmål!

Personvernpolicy