Sverige best på demokrati

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sverige er nærmast eit perfekt demokrati, syner ei undersøking gjort blant 167 land. Noreg kjem på ein fjerdeplass, bak Island og Nederland.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sveriges riksdag. Ein arena for politisk deltaking i verdas mest demokratiske land. (Foto. riksdagen.se)Sveriges riksdag. Ein arena for politisk deltaking i verdas mest demokratiske land. (Foto. riksdagen.se)

Det er Economist Intelligence Unit som har gjort ei undersøking om den demokratiske tilstanden i 167 land.

Undersøkinga har delt landa inn i tre kategoriar: Fullt demokrati, ufullkomne demokrati, hybrid-regime (delvis demokrati) og autoritære regime. Ein har sett på valprosessar, korleis styresmaktene fungerer, politisk deltaking, politisk kultur og sivile rettar.

28 av landa kjem i kategorien fullt demokrati. Av desse er sytten EU-land.

Nord-Korea taper


Det ikkje-europeiske landet som gjer det best på demokrati, er Australia som hamna på 8. plass. USA kjem berre på 17. plass, noko undersøkinga seier skuldast «aspekt ved sivile rettar og styresett».

I botnen av lista, og altså dårlegast på demokrati, er Nord-Korea. Saman med 54 andre land ligg det i kategorien autoritære regime. Omlag 40 % av jordas befolkning lever under autoritære styre, medan over helvta av oss lever i demokrati.