Økomaten er sunnare

Økologisk mat har meir av dei nyttige stoffa som kroppen treng, har forskarar funne ut.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Er økologisk dyrka mat verkeleg betre for helsa enn anna mat? Dette har det vore ulike meiningar om, men etter kvart har det kome forskingsresultat på bordet.

Meir antioksidantar


Øko-grønsaker inneheld ofte meir antioksidantar. (Foto: www.landbrugslauget.dk)Øko-grønsaker inneheld ofte meir antioksidantar. (Foto: www.landbrugslauget.dk)

På ein del område syner det seg at økologisk dyrka planter har meir av sunne stoff som kroppen har nytte av. Det viktigaste er truleg at det er meir antioksidantar i økologiske planter og høgare innhald av gode feittsyrer i dyreprodukt.

Det var fyrsteamanuensis Gerd Holmboe-Ottesen ved Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo som la fram desse opplysingane på ein økologisk fagdag i regi av Matforsk for litt sidan. Ho har også publisert funna sine i Tidsskrift for Den norske lægeforening.

Skilnaden på økologisk og konvensjonelt


Det økologiske landbruket siktar mot å produsera mat på ein måte som ikkje svekkjer naturgrunnlaget på lang sikt, og som spelar på lag med prosessar i naturen. Det er også eit mål at ein økologisk gard nyttar så mykje som råd av eigne ressursar, i staden for å frakta gjødsel og fôr langt vekke frå. Økobonden brukar såleis ikkje kunstgjødsel eller syntetiske sprøytemiddel.

Holmboe-Ottesen har altså studert om den økologiske dyrkingsmåten på dette viset får fram sunnare menneskemat enn den konvensjonelle.

Meir av C, mindre av A


Ho har gått gjennom ei rad ulike studiar og samanfatta resultata. Når det gjeld hovudemna i mat, som karbohydrat og protein, har ho funne liten skilnad mellom økologisk og konvensjonell plantekost. Av vitamin fann ho meir vitamin C i den økologiske, men mindre A-vitamin.

Meir konsentrert næring

Elles kan ein generelt seia at det er større konsentrasjon av næringsstoff i økologiske planter, altså mindre vatn. Dette kan ein truleg forklara med at økobonden ikkje gjødslar så hardt, så plantene ikkje veks like fort, meiner Holmboe-Ottesen.

Plantene sitt immunforsvar


Mjølk frå kyr på beite inneheld meir sunne feittsyrer. (Foto: www.gamle.husdyrracer.dk)Mjølk frå kyr på beite inneheld meir sunne feittsyrer. (Foto: www.gamle.husdyrracer.dk)

Dei største skilnadene gjeld stoff som er til stades i mindre mengder, men likevel har viktige funksjonar. Dette er stoff som plantene brukar til å verna seg mot til dømes insekt og mikroorganismar, og innhaldet er 10 - 50 prosent høgare i økologisk dyrka planter. Mange av desse stoffa er antioksidantar, som vernar cellene mot skade. Slike stoff reknar ein kan førebyggja mange kroniske sjukdomar, til dømes diabetes, kreft og hjarte- og karsjukdomar.

Mindre og betre feitt


Når det gjeld dyreprodukt, viser det seg at det er mindre feitt i mjølka frå økologiske kyr. Mjølka frå dyr på beite skil seg også ut ved at det er meir vitamin A, E og C i mjølka. Produkt frå dyr på beite har også meir av såkalla gode feittsyrer (omega 3 og CLA) enn dyr som får korn eller ikkje får grøntfôr. Økologiske dyr går mykje på beite, og får til vanleg mindre kraftfôr (korn) enn andre husdyr, ifølgje Holmboe-Ottesen.

Sunnare morsmjølk


Ein nederlandsk studie har vist at dei sunne feittsyrene hjå menneske også går vidare til morsmjølka til ammande kvinner, skriv det danske bladet «Økologisk landbrug». Kvinner som for det meste åt økomat hadde dobbelt så mykje fleirumetta feitt i morsmjølka som kvinner som aldri åt økologisk.

Økologisk mat skal også gje sunnare brystmjølk, har dei funne ut i Nederland. (Foto: max.levien.com)Økologisk mat skal også gje sunnare brystmjølk, har dei funne ut i Nederland. (Foto: max.levien.com)

Vanskeleg å seia sikkert
Det er vanskeleg å slå fast sikkert kva som er sunnast, og det finst heller ingen gode kontrollerte forsøk på helseverknader av økologisk mat på menneske. Det finst nokre forsøk på dyr, og desse slår ut anten nøytralt eller til fordel for økologisk fôr.

Og sjølv om ein kan påvisa at økomat har meir av dei sunne stoffa, kan det jo henda at konvensjonell mat likevel har nok, meiner Holmboe-Ottesen.

Sett i eit breiare perspektiv konkluderer ho likevel med at mat produsert på ein økologisk forsvarleg måte kan gje betre helse, både gjennom maten i seg sjølv, og indirekte gjennom eit sunnare naturmiljø.

For eit sunt naturmiljø


For sunne matvarer er ikkje det einaste målet for det økologiske landbruket. Ei viktig målsetjing er også å ta vare på naturen på lang sikt: både jorda si evne til å gje gode avlingar, mangfaldet av dyr og plantar og så lite ureining som råd.

Og øko-landbruket ser ut til å ha denne effekten også. Til dømes er det både større biologisk mangfald på økologiske gardar og mindre fare for avrenning og overgjødsling av vassdrag, går det fram av ei samanfatting av forskingsresultat på nettstaden til den danske «Økologisk landsforening».

Kjelder:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus