Demonstrantar gjekk til åtak på høgsterett i Kongo

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tilhengjarar av presidentkandidat Jean-Pierre Bemba gjekk tysdag til åtak på høgsterettsdomstolen i Kongo og sette fyr på bygningen i protest mot valresultata som viser at Bemba tapte.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein FN-soldat held vakt ved høgsterettsdomstolen i Kinshasa som blei sett i brann av sinte demonstrantar tysdag. (Foto: REUTERS/Finbarr O'Reilly / SCANPIX)Ein FN-soldat held vakt ved høgsterettsdomstolen i Kinshasa som blei sett i brann av sinte demonstrantar tysdag. (Foto: REUTERS/Finbarr O'Reilly / SCANPIX)

Kinshasa (NTB-Reuters): Tysdagens valdelege aksjon starta som ein demonstrasjon til støtte for Bemba. Men demonstrasjonen utarta, og væpna menn byrja etter kvart å skyte mot høgsterett i den kongolesiske hovudstaden. Dommarar og tilsette blei sett medan dei flykta frå bygningen.

President Joseph Kabila blei utropt til vinnar av presidentvalet i Kongo, men Bemba har gått rettens veg for å få det offisielle valresultatet kjent ugyldig. Ifølgje juristar heldt høgsterett på å handsame ei klage frå Bemba på valresultatet då retten måtte bryte opp på grunn av åtaket tysdag. (©NTB)