Flaskekrise hos bryggjeria

Bryggjeria manglar glasflasker til julebrus og juleøl og oppfordrar folk til å pante tomflaskene sine så snart som råd.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: SCANPIX)(Illustrasjonsfoto: SCANPIX)

(NPK): I norske skap og kjellarar står det om lag 25 millionar glasflasker.

- Situasjonen er prekær, og fleire bryggjeri kan få problem med å produsere nok i den hektiske førjulstida grunna flaskemangel, seier dagleg leiar Morten Sundell i Rentpack til Newswire. Rentpack eig dei fleste glasflaskene som bryggjeria brukar til brus og øl.

Flaskemangelen råkar alle dei tre typane glasflasker som det vert tappa brus og øl på. Flaskene er grøne, blanke og brune, med kort og lang hals.

- Salet av brus og øl på glasflasker har vore større enn forventa i haust, og det er vanskeleg å få levert nok glasflasker frå leverandørar rundt om i Europa. No får vi uansett ikkje inn fleire nye flasker før jul, og derfor er vi heilt avhengig av at folk kjem med panteflaskene sine, seier Sundell. (NPK)

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus