Menn får lettast yrkesskadetrygd

Ni av ti som fekk godkjent sjukdom som yrkesskade i fjor var menn, fortel NRK.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Kvinnedominerte yrke toppar statistikken over melde skader, men det er likevel svært få kvinner som får aksept for at dei skal få yrkesskadetrygd.

Dette har truleg samanheng med at lista over sjukdommar som blir godkjende som yrkesskade er laga for 70 år sidan. Då var det stort sett menn som var i arbeid, og mange jobba i industrien.

I dag er det som kjent mange kvinner som tek tunge løft i helsesektoren og i andre yrke. (NPK)

Personvernpolicy