Røyking i bil er omsorgssvikt

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Røyking i bil når barna er med, må bli forbode, meiner barneombod Reidar Hjermann.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Barneombod Reidar Hjermann vil forby røyking i bilar der barn er med. (Foto: Barneombudet.no)Barneombod Reidar Hjermann vil forby røyking i bilar der barn er med. (Foto: Barneombudet.no)

Australske politikarar har nettopp føreslått å forby røyking i bilar dersom det er personar under 16 år med. Hjermann synest dette er eit godt forslag, som han gjerne skulle ha sett gjennomført også her i landet, ifølgje

Forbruker.no

.

Hjermann seier at han vil støtte ein kvar som føreslår eit slikt forbod i Noreg. - Vi veit at passiv røyking er skadeleg. Om eit barn sit i ein bil der folk røykjer, får det i seg nesten like mykje røyk som viss det røykjer sjølv. Å røykje i bilar der det sit barn grenser til omsorgssvikt, seier barneombodet.

Det australske forslaget går ut på at sjåførar eller passasjerar som bryt forbodet skal få ei bot på omlag 400 norske kroner.

Visepresident i Den norske lægeforening, Per Meinich, støttar barneombodet fullt ut, medan Helse- og sosialdepartementet ved statssekretær Arvid Libak ikkje er fullt så begeistra for forslaget.

- Eg ser det som sjølvsagt at foreldre ikkje røykjer medan dei har barna med i bilen. Dette treng vi ikkje å lovfeste, seier Libak.