Bustad avgjer behandling av MS-sjuke

Har du multippel sklerose (MS) er det større sjanse for at du får behandling om du bur i Agder-fylka enn om du bur i Oslo.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Trondheim (ANB): Det går fram av tal som vert lagt fram av Nasjonalt kompetansesenter for MS tysdag.

- Vest-Agder behandlar tre gonger så stor del av fylket sine MS-pasientar som Oslo, seier Kjell-Morten Myhr, leiar for kompetansesenteret til Avisenes Nyhetsbyrå.

Det er tal frå det såkalla reseptregisteret som avslører dei store forskjellane i medisinering av MS-pasientar.

I Sør-Noreg reknar ein med at rundt 150 av 100.000 innbyggjarar har MS. I Nord-Noreg er talet 100 av 100.000. Om ein samanliknar desse tala med kor mange blåreseptar på dei forskjellige medikamenta som MS-sjuke får, har Myhr funne forskjellar det ikkje utan vidare er lett å finne nokon logisk forklaring på.

- Eg trur ikkje det skortar på kompetansen eller mangel på nevrologar i dei fylka som har lågast behandlingsfrekvens. Eg trur heller det skyldast at nytten av behandling vert vurdert ulikt frå fylke til fylke, seier Myhr. (ANB)

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus