Internett er og blir engelsk

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag er færre enn 10 % av verdas språk representerte på Internett. Ei nettadresse med kinesiske eller for den del norske teikn kan derfor synast å vere langt fram i tid.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er berre det engelske alfabetet med bokstavane a til z og tala 0 til 9 som kan nyttast i domenenamn (adressa til nettstaden, som t.d. nesteklikk.no).

- Dette handlar om språklege skilje, ikkje digitale skilje, hevdar Adama Samassekou, president i African Academy of Languages. Han er ein av dei som ønskjer at folk skal kunne bruke sitt eige språk på nettet. (Foto: wtis.org)- Dette handlar om språklege skilje, ikkje digitale skilje, hevdar Adama Samassekou, president i African Academy of Languages. Han er ein av dei som ønskjer at folk skal kunne bruke sitt eige språk på nettet. (Foto: wtis.org)

Sidan nettlesarane les A og a som same bokstav, vil det seie at me har tilsaman 37 teikn som me kan bruke.

Politisk press


ICANN, ein organisasjon som administrerer alle dei internasjonale toppdomene (som t.d. .com), var nyss til stades på eit FN-toppmøte om Internett i Hellas. Der blei dei sette under sterkt politisk press for å tillate ikkje-engelske bokstavar og symbol i domenenamn.

Kritiserer språkleg urett


Mellom andre kom presidenten for African Academy of Languages i Mali, Adama Samassekou, på bana og sa at anglofiseringa av Internett gjer folk isolerte og marginaliserte.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg trur det digitale skiljet ikkje er så viktig som det språklege skiljet. Og me burde byggje bruer over det språklege skiljet for å garantere at Internett held fram med å vere demokratisk styrt, sa Samassekou ifølgje EU Observer.

ICANN jobbar mellom anna med å koordinere styringa av domenenamn og IP-adresser.ICANN jobbar mellom anna med å koordinere styringa av domenenamn og IP-adresser.

USA sette foten ned


På eit liknande toppmøte i Tunis i fjor vart også spørsmålet om språkleg underlegenheit i domenenamn reist, men den gongen fekk USA sett ein stoppar for endringar som ville ha globalisert administreringa av domenenamn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I staden blei det bestemt at det skal haldast årlege møte i fem år, for å diskutere alt frå domenenamn til spam og nett-tryggleik.

Skapar problem


Presidenten i ICANN, Paul Twomey, ønskjer ikkje å framskunde prosessen med å opne for ikkje-engelske bokstavar i domenenamn, noko dei og gav uttrykk for under toppmøtet. Twomey syner til at ei opning frå dagens 37 teikn til opp mot 50 000 eller meir kan skape problem på mange ulike hald.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Paul Twomey og ICANN vil ikkje framskunde prosessen med å gjere domemenamn opne for all verdas alfabet. Dei er redde det vil knekkje heile Internett. (Foto: dnjournal.com)Paul Twomey og ICANN vil ikkje framskunde prosessen med å gjere domemenamn opne for all verdas alfabet. Dei er redde det vil knekkje heile Internett. (Foto: dnjournal.com)

Til dømes vil ein bokstav på urdu kunne vere til forveksling lik eit arabisk teikn, og då er det ikkje sikkert at ein kjem fram til rett nettadresse.

Utrygt


Twomey trur óg at ei realisering av utanlandske (i tydinga ikkje-engelske) domenenamn kan opne opp for utstrekt bedrageri: Det kan skje ved at lurendreiarar lagar domenenamn som er til forveksling lik eit engelsk namn, men kor engelske bokstavar er bytt ut med utanlandske teikn som liknar.

Denne typen nettforfalsking er kjend også i dag.

- Det er stor skilnad mellom mennesket og ein datamaskin, seier Twomey. - Folk kan takle tvitydnad. Det kan ikkje datamaskinar.

Ikkje æ, ø eller å


ICANN vil førebels jobbe for å oppgradere nettlesarar og e-postprogram slik at dei skal takle dei framtidige store massane av nye web-adresser.

Sjølv om me i Noreg til ei viss grad kan nytte æ, ø og å i domenenamn, så er det førebels ikkje så veldig lurt. Svært mange nettlesarar og e-postprogram forstår ikkje bokstavane likevel, og då er det til liten nytte.

Kjelder: EU Observer, ICANN, digi.no, IT-avisen


ICANN (Internet Corporation for Assigned Names and Numbers) er ein California-basert ikkje-kommersiell organisasjon. Organisasjonen starta i 1998 og er knytt direkte til dei amerikanske styresmaktene. I seinare tid har banda til USA blitt noko lausare, og fleire land har ytra ønske om at organisasjonen skal styrast av FN.

Forfattar og jusprofessor Jon Bing fekk nyleg eit verv i ICANN.

Meir i Neste Klikk: