Demonstrasjonar ventar Bush i Indonesia
Bogor (NTB-AFP): Besøket til Bush har ført til høglydte protestar frå indonesiske muslimar, som er opprørte på grunn av den amerikanske krigføringa i Irak.
- Vi protesterer mot besøket til George W. Bush ettersom vi meiner at denne
gjesten har late muslimsk blod flyte, seier Dadang Ruchnyana, politikar i
det framgangsrike Framstegs- og justispartiet.
Bush sitt besøk blir rekna som eit teikn frå USA på kor viktig amerikanske styresmakter meiner Indonesia er i kampen mot terror, men besøket, som berre kjem til å vare nokre timar, har utløyst daglege protestar frå muslimske grupper og studentar i helga.
Indonesisk politi har meir eller mindre stengt av sentrum av byen Bogor før Bush kjem måndag morgon.
- I Bogor er det allereie om lag 15.000 demonstrantar. Vi ventar fleire,
seier Habib Affegaf, som er leiar i Alliansen av foreinte muslimars
organisasjonar. (©NTB)