Få vil avlegge truskapsløfte

Artikkelen fortsetter under annonsen

Interessa for å feire norsk statsborgarskap med nasjonalsong og tru skapsløfte er laber blant innvandrarane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (ANB): Over 1.200 nye nordmenn er invitert til å avlegge truskapsløfte i høgtidelige seremoniar rundt om i landet . Men det ser ut til at berre eit fåtal vil kome.

Seremoniane er ei prøveordning i Oslo og Akershus, Vest-Agder, Hordaland, Hedmark og Troms, og skal haldast på rådhusa i innvandrarane sine heimkommunar. I enkelte distrikt vil berre ein av ti være med på slike seremoniar, medan tre av ti har takka ja i Vest-Agder, skriv Dagsavisen .

Men statssekretær Libe Rieber-Mohn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet synast ikkje at påmeldingstala er lave.

- Vi må huske at det er første gongen vi gjennomfører noko slikt. I tillegg blei invitasjonane sendt ut seint, se ier Rieber-Mohn, som trur seremonien vil hjelpe til å styrke b anda mellom nye og «gamle» borgarar av nasjonen. (ANB)