Bergenstrikken står opp frå dei døde

Artikkelen fortsetter under annonsen

Snart skal det på ny køyre trikk i bergensgatene. I alle fall om det er opp til Kings of Convenience.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fredag 17. november er det støttekonsert for trikken i Bergen.

Det er bergensar og trikkeven Eirik Glambæk Bøe frå Kings of Convenience som saman med kompanjong Erlend Øye speler til inntekt for bergenstrikken i morgon kveld. Høveleg nok er konsertstaden Johanneskirken, like ved det høgste punktet for den ny-gamle trikkelina.

Lenge sidan sist


Popduoen har eit stort publikum over heile verda, men dette er faktisk fyrste gong sidan 2004 at Kings of Convenience speler i heimbyen Bergen.

Dei gav ut plata «Quiet is the new loud» i 2001, og var med på å dra i gang den såkalla «bergensbylgja» i musikken. I 2004 kom oppfylgjaren «Riot on an empty street», og etter det har det vore stille frå duoen.

Heilt til no, altså.

Kjøp din eigen halvmeter


Denne gamle austtyske trikken er det som går på trikkesporet i Bergen no. (foto: Bergens Elektriske Sporvei)Denne gamle austtyske trikken er det som går på trikkesporet i Bergen no. (foto: Bergens Elektriske Sporvei)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kostar 200 kroner å høyra Kings of Convenience, men for den prisen får du også ein heil halvmeter med skjenegang til trikken. Du får ikkje metallbitane med deg heim, men du kan sikre din eigen, vesle stubb av det nye trikkesporet.

Trikk på dugnad


Det er «Bergens elektriske sporvei» som står bak konserten fredag. Dette er ikkje det gamle kommunale selskapet, men ein idealistisk organisasjon som sidan 1993 har arbeidd for å få trikken ut i bergensgatene att.

Organisasjonen held til i den gamle trikkestallen på Møhlenpris sørvest i byen, og det er herfrå den planlagde trikkelina skal gå. Alt i dag køyrer dei friviljuge entusiastane dugnadstrikk sundagar i sommarhalvåret, men turen er enno ikkje lenger enn 250 meter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Stykkevis nytt spor


Trikk 10 er den einaste opphavlege bergenstrikken som framleis finst. (foto: Bergens Elektriske Sporvei)Trikk 10 er den einaste opphavlege bergenstrikken som framleis finst. (foto: Bergens Elektriske Sporvei)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men trikkeplanane er godkjende av kommunen, og difor vert det lagt nye skjener kvar gong det er graving i Bergensgatene. Og det er det ofte.

Kartet over den planlagde lina finn du her (menyen til venstre).

Siste trikk i 1965


Den fyrste bergenstrikken kom i 1897, og seinare vart tilbodet utvida med liner i ulike retningar. Alt i 1944 vart den fyrste lina nedlagt, og i 1965 var det slutt på all trikkekøyring i Bergen. Dei siste trikkane vart til og med senka i Byfjorden.

I dag er det berre Oslo som har eit trikkenett i Noreg. I Trondheim går éi trikkeline, Gråkallbanen.

Manglar halv million


Johanneskirken i Bergen er staden for trikkekonserten fredag. (Foto: Bergen Kirkelige Fellesråd).Johanneskirken i Bergen er staden for trikkekonserten fredag. (Foto: Bergen Kirkelige Fellesråd).

Med ein halv million kroner på konto kan «Bergens elektriske sporvei» kjøpe inn eit parti brukte skjener frå Trondheim, nok til å få fullført den gamle lina frå Møhlenpris over Nygårdshøyden til Ole Bullsplass.

Og dersom konsertgjengarane på fredag er utolmodige etter trikken, kan dei i alle fall trøysta seg med at det ligg nokre meter trikkespor rett utanfor kyrkjedøra, som berre ventar på å verta kopla saman med resten av sporet. Og di fleire som kjem på konsert, di fortare går det.

Les meir på nettet:


ABC Startsida: