Pakistan endrar omstridt valdtektslov

Artikkelen fortsetter under annonsen

Islamistpartia i Pakistan trugar med massedemonstrasjonar etter at nasjonalforsamlinga i landet har vedteke ei ny valdtektslov.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Islamistpartiene i Pakistan varslar store protestar mot ny valdtektslov. (Foto: REUTERS/Saeed Ali Achakzai (PAKISTAN))Islamistpartiene i Pakistan varslar store protestar mot ny valdtektslov. (Foto: REUTERS/Saeed Ali Achakzai (PAKISTAN))

Islamabad (NTB-AFP): Eit fleirtal av dei folkevalde vedtok onsdag at valdtektssaker skal førast for sivile domstolar, ikkje islamske shariadomstolar som tidlegare.

Valdtektsofre risikerer i dag å bli dømde for ekteskapsbrot om dei ikkje kan oppdrive fire mannlege muslimar som kan vitne om dei faktisk blei valdtekne.

Ekteskapsbrot kan ifølgje islamsk lovgjeving straffast med døden ved steining, sjølv om dette aldri har vore praktisert i Pakistan.

Den kontroversielle lova, som blei innført av president Zia-ul-Haq i 1979, har langt på veg sikra straffefridom for valdtektsmenn i Pakistan.

- På tide


President Pervez Musharraf, som tre gonger tidlegare har stoppa forsøk på å endre lova, hylla den nye valdtektslova i ein fjernsynstale onsdag kveld.

- Vi bør vere stolte av denne lova. Det er på tide at moderate element i Pakistan trer fram og viser desse ekstremistane sin verkelege styrke, at dei fortel ekstremistane at dei ikkje lenger har noko dei skulle ha sagt i Pakistan, sa Musharraf.

Reaksjonene frå dei islamistiske partia i Pakistan lèt ikkje vente på seg. Dei varslar massedemonstrasjonar mot den nye lova.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Frå USA


- Vi kjem til å protestere mot denne lova og politikken til militærdiktatoren over heile landet, seier Liaquat Baloch som er nestleiar i Muttahida Majlis-e-Amal (MMA), ein allianse av dei største islamistiske partia i Pakistan.

- Denne lovendringa kjem frå USA og blir sett ut i livet av deira representant i Pakistan, general Musharraf, seier Baloch.

Folkevalde frå fleire islamistiske parti storma ut av nasjonalforsamlinga før det kom til avstemming om den nye lova onsdag, og truga med aksjonar.

- Dette vil gjere Pakistan til et fri-sex-samfunn, hevda MMAs generalsekretær Maulana Fazlur Rehman. (©NTB)