WHO vil ha usunn-avgift

Artikkelen fortsetter under annonsen

Verdas Helseorganisasjon (WHO) vil at folk skal ete sunnare.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Dei lagar denne veka ein strategi for å slanke Europa.

Det skal gjerast ved å subsidiere sunn mat, medan mat med mykje sukker, feitt og salt må bli dyrare. Regjeringa er open for å heve avgiftene, skriv Vårt Land.

- Dette er noko vi vil vurdere i ein handlingsplan for betre kosthald. Den kjem over jul, seier statssekretær Wegard Harsvik i Helsedepartementet.

53 europeiske land er representerte i WHO-møtet i Istanbul. Halvparten av alle vaksne i desse landa er overvektige. Det same gjeld for kvart femte barn. (NPK)