Ammande kvinne beden om å gå av fly

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei amerikansk kvinne sat på flyet og amma babyen sin då ho fekk beskjeden: - Dekk deg til eller forlat flyet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sist veke synte 30 foreldre og babyane deira sin sympati med kvinna, som heiter Emily Gillette, ved å ha ein «sit-ned-og- amme-demonstrasjon» på flyplassen i Burlington i USA.

Amming: Naturleg og naudsynt eller påtrengjande og privat? (Foto: sxc.hu)Amming: Naturleg og naudsynt eller påtrengjande og privat? (Foto: sxc.hu)


- Utruleg at slikt skjer i 2006, seier ei av dei protesterande mødrene ifølgje nettstaden wtopnews.com.

- Frykteleg at ei mor kan bli audmjuka slik, seier ei anna.

Uakspetabelt


Likestillingsombodet trur ikkje slike ting skjer særleg ofte i Noreg.
- Skal me døme etter dei som kontaktar oss, er det sjeldan at norske kvinner får problem når dei ammar offentleg, seier informasjonssjef Ingeborg Grimsmo hjå Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Grimsmo fortel at mødrer som ammar offentleg ikkje har noko juridisk rett til det, men at dei som ikkje ønskjer å sjå kvinner amme offentleg heller ikkje, med lova i hand, kan forlange å få sleppe.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Reint generelt må me seie at det går eit skilje mellom det som opplevast som akseptabelt og det som kjennast uakseptabelt. Det gjeld for båe partar. Eg trur nok at terskelen for kor mykje me toler av offentleg amming er mykje høgare i Noreg enn til dømes i USA, seier Grimsmo.

Såg ikkje brystet


Det var under ein flytur i oktober i år at Emily Gillette frå Santa Fe i New Mexico i USA blei beden om å dekkje seg til slik at ikkje dei andre passasjerane skulle bli sjenerte av amminga hennar, fortel Yahoo News. Gillette sat då på setet inst ved vindauget og amma den 22 månader gamle dottera si. Mannen hennar sat i setet ved sidan av. Ifølgje ho sjølv var ikkje brystet hennar synleg.

Gillette takka nei til tilbodet om eit handkle som ho kunne dekkje seg til med sidan ho meinte ho var i sin fulle rett til å amme. Dette fekk flyvertinna til å forlange at Gillette anten fekk dekkje seg til, eller så ville ho og familien bli viste vekk frå flyet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg ville ikkje lage noko bråk, så eg gav meg, fortel Emily Gillette.

Vis diskresjon


Men seinare valde ho å klage Delta Airlanes og Freedom Airlines inn for menneskerettskommisjonen i Vermont. Kommisjonen skal ta stilling til om Gillette har vore utsett for diskriminering.

Ingen av flyselskapa vil vedgå at dei har blitt klaga inn for kommisjonen, men ein talsmann for Freedom Airlines seier at alle kvinner har rett til å amme offentleg.
- Ho har rett til å amme berre ho er diskret. Denne kvinna blei tilbode eit handkle for å syne litt meir diskresjon, men ho avslo. Det er alt eg veit om saka.

Partane i saker som desse har seks månader på seg til å kome til semje, viss ikkje skal kommisjonen vurdere om saka skal førast for retten.

Meir om helse og samliv i Neste Klikk:

ABC Startsida: