TV 2-sjefen blir styreleiar i snusselskap

Artikkelen fortsetter under annonsen

TV 2-sjef Kåre Valebrokk blir ny styreleiar i snusselskapet Taboca, som skal utfordre marknadsleiaren Swedish Match.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Erlend Aas / SCANPIX) (Foto: Erlend Aas / SCANPIX)

Oslo (NTB): Valebrokk er TV 2-sjef og storrøykjar, men meiner dette ikkje er til hinder for det komande engasjementet som styreleiar i snusselskapet Taboca, skriv Dagens Næringsliv.

66-åringen overlèt i løpet av neste år toppjobben i TV 2 til yngre krefter. Det er då han aktar å vie meir tid til tobakksbransjen. Valebrokk har stor tru på snusselskapet, som er etablert av gründarane Tom Erik Ruud og Reinhard Rye.

Dei to er mest kjende for å ha blitt høvla ned av barbergiganten Gillette på slutten av 1990-tallet, då dei ville ta opp kampen om å stoppe mannleg skjeggvekst.

Valebrokk er framleis sjefredaktør i TV 2, og meiner redaktørar skal vere svært varsame med styreverv i næringslivet. Det meiner også styreleiar i TV, Alf Hildrum.

- Prinsipielt bør sjefredaktørar vere varsame med å gå inn i roller som gjer at nokon kan stille spørsmål ved mediet sitt sjølvstende, seier Hildrum.

Valebrokk seier han tar på seg jobben fordi han likevel er på veg ut av TV 2. (©NTB)