Ei oppdagingsferd i norsk musikk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bli med på ein vakker, fragmentarisk leik med nyare norsk musikk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du glad i musikk? Altså til dømes hard core, punk, kor, korps, dansebandmusikk, pop, viser, gamaldans, opera, elektronika, symfoniorkester eller slåttar? I så fall vil du heilt sikkert finne noko du likar på nettstaden

Kaleidofon

.

Vakker og mystisk


Den fysiske utstillinga Kaleidofon er blitt vist dei to siste vekene på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Den 24. november dukkar ho opp igjen i Bergen, på kulturhuset USF. Men uansett kor du bur, kan du besøkje Kaleidofonen på nettet og gå på oppdagingsferd i norsk musikk i alle variantar.

Nettstaden er vakker og litt mystisk i seg sjølv, og innbyr til eksperimentering. Kanskje du oppdagar noko du ikkje visste frå før? Kanskje du kjem over noko du ikkje visste at du elska?

Nettutgåva av utstillinga Kaleidoskop gir deg eit fragmentarisk og fengslande musikalsk møte du seint vil gløyme. (Skjermdump frå www.kaleidoskop.no)Nettutgåva av utstillinga Kaleidoskop gir deg eit fragmentarisk og fengslande musikalsk møte du seint vil gløyme. (Skjermdump frå www.kaleidoskop.no)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kaleidofon på nettet er delt inn i fire hovudsjangrar: Populærmusikk, kunstmusikk, folkemusikk og jazz. Men dette er ikkje noko typisk tørt føredrag. Heile nettstaden ein tumleplass for den som vil gå på skattejakt i den norske musikken.

Opne øyrene


Du finn omlag 80 korte tekstar med tilhøyrande lytteeksempel frå alle tenkjelege sjangrar. Målet med det heile er å opne øyra til publikum og bryte ned kunstige skilje mellom sjangrar og miljø.

- Dette er ikkje nokon total musikkhistorisk gjennomgang, seier prosjektansvarleg Aslak Oppebøen, informasjonssjef i Musikkinformasjonssenteret (MIC) til

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ballade

. Saman med prosjektleiar Grethe Melby har han hatt hovudansvaret for utstillinga.


Fragmentarisk blikk


- Kaleidofon tilbyr ikkje eit djupdykk, men eit fragmentarisk blikk på kor norsk musikk står i dag og med røter tilbake i historia, fortset Oppebøen.

Kaleidofonen finst både i engelsk og norsk versjon, han er laga for å skulle kunne forandre seg i framtida, og har eit stort utviklingspotensial. Det skal også lagast katalogar av materialet, til bruk i formidlinga av norsk musikk i utlandet.

For eiga rekning legg vi til at

Kaleidofon

er heilt ubeskriveleg. Ta ein tur inn, sjå, lytt og drøym deg bort i det norske musikalske landskapet.

Besøk Kaleidofonen her.

MIC har utvikla Kaleidofon i samarbeid med Norsk Musikksamling, Jazzarkivet, Visearkivet og USF Verftet i Bergen.

ABC Startsida: