Slår alarm om feite born

Artikkelen fortsetter under annonsen

Talet på overvektige aukar stadig, og det gjeld særleg borna. Verdas Helseorganisasjon (WHO) og EU varslar no hard kamp mot overvekt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (ANB): WHO arrangerer denne veka sin ministerkonferanse i Istanbul der dette er tema.

- I EU har helsestyresmaktene blinka ut overvekt som satsingsområde, fortel ernæringsforskar Kaare R. Norum til Forskning.no.

Denne hausten er det 1,7 milliardar overvektige menneske i verda. Overvekt rammar i hovudsak den rike delen av verda, men det er ikkje dei rikaste som vert ramma. Det er dei med lågast inntekt og utdanning som veg mest.

Overvekt kan føre til sjukdomar som diabetes 2, hjarte- og karsjukdomar, kreft og leddplager. I Europa brukar ein mellom 4 og 10 prosent av brutto nasjonalprodukt på grunn av problem med den aukande overvekta.

- Det er hjå barna ein må setje inn dei hardaste mottiltaka, meiner Norum. (ANB)