Klimaendringane kan utrydde verdas fuglar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre av fire fugleartar kan døy ut dersom klimaendringane fortset som i dag, åtvarar Verdas Naturfond (WWF).

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nairobi (NTB-Reuters): Alt frå trekkfuglar til tropiske artar er truga, men det er framleis ikkje for seint å stanse utviklinga, konkluderer WWF i ein rapport som blir lagt fram på klimatoppmøtet til FN i Nairobi i dag.

Tilstanden for verdas fuglar er ei åtvaring, på same måte som ein tidlegare brukte kanarifuglar for å påvise farleg gass i britiske kolgruver, meiner Verdas Naturfond.

- Fuglane viser at det stadig varmare klimaet har sett i gang ei kjede av hendingar i verda sitt økosystem, slår WWF fast.

Rapporten meiner at det ligg føre handfaste bevis for at klimaendringar alt har påverka fuglelivet, blant anna ved at trekkfuglar ikkje lenger migrerer.

I Canada når myggbestanden toppen stadig tidlegare på våren, noko fuglane endå ikkje har lært seg. (©NTB)