- 100.000 barn lever med familievald

Artikkelen fortsetter under annonsen

Justisminister Knut Storberget trur langt over 100.000 norske barn lever med vald i familien.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Han vil sørgje for at valdsmenn over heile landet skal få hjelp til å slutte å slå, melder Aftenposten.

Talet hentar han frå ei NIBR-undersøking frå i fjor. Den viste at kvar fjerde kvinne har vore i forhold der vald eller trugsmål om vald førekjem.

I tillegg har Justisdepartementet eigne målingar som viser at i løpet av ei tilfeldig veke i fjor oppsøkte 2000 barn og 1000 kvinner hjelpeapparatet etter å ha vore utsett for vald eller vore vitne til vald.

- Eg trur absolutt at dette talet berre er eit forsiktig anslag. Vi treng ei folkerørsle mot denne heimeterroren, meiner Storberget og ber familiar og naboar om å melde frå om ein oppdagar valden. (NPK)