Norske pilotar kan fly med promille

Artikkelen fortsetter under annonsen

SAS Braathens-pilotar som flyr i Noreg, har ikkje like strenge promillekrav som sine skandinaviske kollegaer.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: SAS Braathens)(Foto: SAS Braathens)

(NPK): I Noreg kan pilotane ha 0,2 i promille når flyturen startar, i Sverige og Danmark kan eit slikt utfall målast seinast åtte timar før dei skal fly.

- Heilt uakseptabelt, seier ein erfaren SAS Braathens-kaptein til Dagsavisen.
Han meiner Noreg bør følgje dei strenge reglane i våre naboland, slik at vi ikkje signaliserer at det er greitt at pilotar kjem litt bakfulle på jobb.

- Det er umuleg å krevje null promille, for berre du et ein fyllt sjokolade kan du få 0,01 i promille, seier Gullach Tousgaard, sjef for flight standards i SAS i Sverige.

På langreiser må derimot alle stelle seg til den strengaste promillegrensa. At SAS Braathens har høgare promillegrense kjem av at dei valde å følgje det norske regelverket då dei to selskapa slo seg saman. Skandinaviske SAS har strengare reglar fordi dei følgjer same linje som det skandinaviske landet med den strengaste grensa. (NPK)