Saksøkjer staten for fråflytting

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gamvik kommune i Finnmark har mista både fisk og folk det siste tiåret. I går starta rettsaka mot staten og to trålreiarlag i Aust-Finnmark tingrett.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Utan fisk mistar kommunen arbeidsplassar, innbyggjarar og inntekter.Utan fisk mistar kommunen arbeidsplassar, innbyggjarar og inntekter.

Gamvik kommune meiner at staten ikkje har følgt opp leveringsplikta for fisk, som skulle sørgje for at trålarane leverer til lokale bedrifter.

Utan fisk mistar kommunen arbeidsplassar, innbyggjarar og inntekter. Folketalet i kommunen har gått ned med 20 % dei siste åra.

50 millionar


Kvar innbyggjar er verd omlag 35 000 kroner, meiner kommunen, og legg dette til grunn for å søkje om 10, 5 millionar i erstatning for tapt folketal. I tillegg søkjer dei om fem millionar i erstatning for tapt fisk i tre år. Også to lokale fiskeribedrifter står bak søksmålet, som også rettar seg mot to trålreiarlag. Til saman blir det kravd over 50 millionar kroner i erstatning.


Tidlegare fiskeriminister Karl-Eirik Schjøtt-Pedersen står på vitnelista når Gamvik kommune saksøkjer staten for fråflytting. (Foto: Ap.no)Tidlegare fiskeriminister Karl-Eirik Schjøtt-Pedersen står på vitnelista når Gamvik kommune saksøkjer staten for fråflytting. (Foto: Ap.no)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lite hjelp


Leveringsplikta skulle sikre råstoff til industrien i dei delane av året då det er lite tilgang på fisk frå kystflåten. Men ordninga har vist seg å vere til lita hjelp for lokalsamfunna. Fiskemottaka i Gamvik kommune skal i per dag få levering frå tre trålarar, men har knapt fått ein fisk, melder Finnmarken.

Saka er venta å vare i tre veker, og på vitnelista står mellom andre dei tidlegare fiskeriministrane Karl-Erik Schjøtt-Pedersen og Svein Ludvigsen.


Kjelder: