Skjelett får rettar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei har det ikkje i dag. Men no får skjeletta eigne rettar. Og eit eige skjelettutval.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det fins arkeologiske skjelettfunn i museum og samlingar rundt omkring i landet. Men det fins ingen retningslinjer som seier korleis ein skal handtere dette materialet på ein etisk forsvarleg måte, seier seniorforskar Berit Sellevold ved Norsk Institutt for Kulturminneforsking til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Ho er ikkje den einaste som har sakna slike retningslinjer. No kjem dei omsider. Snart blir det nemlig satt ned eit eige utval som skal godkjenne all forsking på skjelett og skjelettdelar som vert oppbevart ved offentlege museum og samlingar - og på skjelett som blir innsamla under arkeologiske utgravingar.

For ti år sidan blei hovudskallane til Aslak Hætta og Mads Somby gjeve tilbake til dei samiske etterkomarane deira og gravlagd i vigsla jord. Hovudskallene hadde vorte oppbevart i De Schreinerske samlinger ved Universitetet i Oslo. Saka vekte både kraftig debatt og sterke kjensler.

- Etter saka med De Schreinerske samlinger såg ein at ein hadde behov for eit utval, seier Hilde W. Nagell, sekretariatsleiar ved Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora.

Komiteen har fått i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å utarbeide eit mandat for det såkalla skjelettutval. Dette mandatet er no ute på høyring. (ANB)