Dagen for toleranse

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag er det den internasjonale toleransedagen, men Skeiv Ungdom har ikkje mykje tru på omgrepet toleranse.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

FN ønskjer at me skal bruke 16. november til å reflektere over grunnleggjande menneskeleg fridom, menneskerettar og toleranse.

- Heller respekt og aksept enn toleranse, seier leiar av Skeiv Ungdom, Kari Helene Skog.- Heller respekt og aksept enn toleranse, seier leiar av Skeiv Ungdom, Kari Helene Skog.

Å vere tolerant tyder ifølgje ordboka «å vere forståingsfull og å ha tolmod med nokon eller nokre». UNESCO (FNs organisasjon for undervisning, vitskap og kultur) meiner det ikkje er nok å tole andre og respektere ulikskap.

- Me skal også lære å like andre, seier Hilde Haakonsen i Den norske UNESCO-kommisjonen, og er samtidig open for at UNESCO sin definisjon kan diskuterast.

- Ikkje tolerer meg


Leiar av Skeiv Ungdom, Kari Helene Skog likar ikkje omgrepet toleranse og seier ho ikkje er komfortabel med ordet.

- For meg handlar toleranse om at du godtek noko, på trass av at du ikkje likar det. Det handlar om å setje seg sjølv over den andre, som ein då vel «å godta» på tvers av «feil og nykker», forklarar ho til Neste Klikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skog trur toleranse kan vere eit skalkeskjul for fordømmande meiningar, og har meir tru på å få fram meiningar med ikkje å like noko.

- Nei, ikkje tolerer meg! Vis meg respekt og aksept for livet mitt, ved nettopp å vise at du er ueinig og redd. Så får me ta det derfrå.

Makt i orda


Skeiv Ungdom-leiaren synest aksept er eit betre ord:

I dag er det den internasjonale toleransedagen. (Foto: mbay.net)I dag er det den internasjonale toleransedagen. (Foto: mbay.net)

- Å syne respekt og aksept for ulike seksualitetar er å gjere langt meir enn å tolerere dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men kva skulle ein toleransedag kunne nyttast til?

Skog seier det kunne vore interessant å skipe til ein konferanse kor både dei «tolererte» gruppene og dei som tolererer dei kunne kome saman for å diskutere kva ein legg i omgrepet toleranse og korleis ein faktisk nyttar det.

- Ord er makt, ord definerer korleis me jobbar, og derfor er toleranse eit skummelt ord å ikkje stille spørsmålsteikn ved.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pris til demokratiforkjempar


Her heime vil ikkje den norske UNESCO-kommisjonen markere toleransedagen på spesielt vis, i alle fall ikkje i år.

- Mest fordi det er for mange dagar å markere. Me ønskjer jo ikkje at dei stel merksemda frå kvarandre, seier Hilde Haakonsen til Neste Klikk.

Internasjonalt markerer UNESCO toleransedagen med ei prisoverrekking i Paris i dag. Då skal presidenten i TULF (Tamil United Liberation Front), Veerasingham Anandasangaree frå Sri Lanka få UNESCO-Madanjeet Singh-prisen.

Han får prisen for fremjing av toleranse og ikkje-vald i arbeidet sitt med å finne demokratiske og fredelege løysingar i konflikten mellom singalesarar og tamilar på Sri Lanka.


Les meir på nettet: