Abbas får enda meir makt

Mahmoud Abbas blei søndag valt til ny leiar for Fatah og sikra seg med det enda større makt blant palestinarane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

President Mahmoud Abbas blei søndag valt til ny Fatah-leiar og fekk dermed enda større makt blant palestinarane. (Foto: REUTERS/Ali Ali/Pool (GAZA)/SCANPIX)President Mahmoud Abbas blei søndag valt til ny Fatah-leiar og fekk dermed enda større makt blant palestinarane. (Foto: REUTERS/Ali Ali/Pool (GAZA)/SCANPIX)

Ramallah (NTB-Reuters): 71-åringen blei valt til president etter at Yasser Arafat døydde i 2004, og arva også Arafat sin posisjon som leiar for Den palestinske frigjeringsrørsla (PLO).

Som den einaste gjenlevande av dei fem grunnleggjarane overtok Farouk Kaddoumi som leiar av Fatah då Arafat døydde, men han held fast på protesten mot Oslo-avtala og nekta å vende tilbake til dei palestinske områda frå eksiltilværet i Tunis.

Sjølv om Kaddoumi på papiret held fram som generalsekretær, valde Fatahs revolusjonære råd søndag Abbas som øvste leiar av organisasjonen.

Abbas har dermed erobra alle dei tre leiarpostane Arafat hadde før han døydde, og har til trass for katastrofevalet tidlegare i år, der Fatah mista regjeringsmakta dei hadde hatt i ti år, også greidd å manøvrere organisasjonen tilbake i regjeringsposisjon.

Det siste kan Abbas takke omverda for. Den lovleg valde Hamas-regjeringa i Palestina har møtt ei kald skulder frå Vesten, som har insistert på å kanalisere bistand gjennom presidenten sitt kontor. (©NTB)




Flere saker fra ABC Nyheter

Personvernpolicy