Slutt på lys i tunnelen

Vegvesenet planlegg å sløkkje lyset i norske vegtunnelar for å spare pengar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Noreg er eit av dei mest tunnelrike landa i verda, men mange tunnelar blir lite brukt. No vil Vegvesenet spare pengar på å lysregulere desse. Tre tunnelar er allereie utstyrt med styringssystem for lys, utan negative reaksjonar frå publikum, i følgje avdelingsdirektør for teknologiavdelinga i Vegdirektoratet, Karl Melby.

Lyset blir tent når ein bil passerer eit punkt 50 meter frå inngangen. Sensorar fangar også opp fotgjengarar og syklistar. Alle tunnelar lenger enn 500 meter må ha lys. Noreg har om lag 900 kilometer tunnel.

- Det er ingen tvil om at det er mykje pengar å spare, seier Melby. (NPK)

Personvernpolicy