Betalte heimlause for å få PlayStation 3 på svartebørs

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då Sony lanserte PlayStation 3 i Japan på laurdag, var det berre eit avgrensa tal spelkonsollar til sals. Kreative forretningsfolk betalte heimelause for å stå i kø og kunne seinare tilby PS3 på eBay

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den nye PlayStation 3 er ikkje til sals i Europa før til neste år. I mellomtida kan du kjøpe ein «brukt» på nettet eller i japanske butikkar, men då kostar det skjorta. (Foto: kotaku.com)Den nye PlayStation 3 er ikkje til sals i Europa før til neste år. I mellomtida kan du kjøpe ein «brukt» på nettet eller i japanske butikkar, men då kostar det skjorta. (Foto: kotaku.com)

Folk stod i kø i timevis for å kjøpe seg den nye PlayStation på laurdag, utan at det hjelpte stort, og mange måtte gå tomhendte heim att.

Men somme var meir utspekulerte: Den japanske spelenettstaden Kotaku fortel at japanske forretningsfolk betalte mange heimlause kinesarar for å stå i kø for seg.

Heimlause kinesarar


- Dei første som kjøpte PS3 var hovudsakleg eldre kinesiske menn eller unge kinesiske kvinner som snakka dårleg japansk, skriv ein av Kotakus lesarar på nettstaden.

Etter å ha handla PS3, leverte desse uteliggjarane maskinene vidare til japanarar som truleg har hatt til hensikt å vidareomsetje dei.

Utsalsprisen for ein PlayStation 3 var på 270 engelske pund, eller om lag 3 300 norske kroner. Kort tid etter at butikkane var tømde for PlayStationar, kunne ein kjøpe «brukte» PS3 i japanske butikkar og på nettet til opp mot 770 pund.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Viktigaste for Sony


Japan fekk æra av å vere det første landet til å selje PlayStation 3, og der var berre snautt 100 000 einingar lagt ut til sal .

Mange har venta lenge og vel på den nye PlayStation 3. Sony hadde berre eit avgrensa opplag å tilby då han vart lansert på laurdag. (Foto: Sony)Mange har venta lenge og vel på den nye PlayStation 3. Sony hadde berre eit avgrensa opplag å tilby då han vart lansert på laurdag. (Foto: Sony)


På grunn av problem med DVD-spelaren i PS3 har Sony nemleg ikkje vore i stand til å masseprodusere spelkonsollen enno.

Medan han blir lagt ut til sal i USA allereie førstkommande fredag, må den europeiske marknaden vente på PS3 heilt til mars neste år.

Sleppet av den nye PlayStation er ein av dei viktigaste lanseringane i Sonys historie, hevdar BBC.

Meir i Neste Klikk: