Britisk overvåkingssjef med terroråtvaring

Artikkelen fortsetter under annonsen

Terrorisme vil vere ein alvorleg og veksande trussel mot Storbritannia i mange år framover, åtvarar den britiske etterretningssjefen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: mi5.gov.uk)(Foto: mi5.gov.uk)

London (NTB): Den britiske etterretningstenesta MI5 er kjend med nesten 30 planlagde terrorkomplott, og følgjer tett rundt 200 nettverk eller grupper med over 1.600 medlemmer, opplyser MI5-sjef Dame Eliza Manningham-Buller.

Ho ga åtvaringane sine i ein tale til ei mindre forsamling torsdag, dagen etter at ein mann blei dømd til 40 års fengsel for planlagde terroråtak i Storbritannia og USA.

Dame Eliza uttalar seg sjeldan offentleg, og åtvaringane hennar blir slått stort opp av britiske tv-kanalar og aviser.

Sidan terrorbombene i London i fjor sommar har britisk politi og etterretning forpurra fem planlagde store terroraksjonar på britisk jord.

- Offiserane mine og politiet arbeider no med rundt 200 grupper eller nettverk, som omfattar 1.600 identifiserte personar - og det kan vere mange vi ikkje kjenner til - som er aktivt engasjert i planlegging eller tilrettelegging for terrorhandlingar her eller i utlandet, sa MI5-sjefen. (©NTB)