Fryktar flaum av dødsheroin

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heroinen som no strøymer ut av Afghanistan er mykje reinare og sterkare enn tidlegare.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Dette vil føre til auke i overdosedødsfall, åtvarar FN.

Ein rekordhaust har ført til at 6.100 tonn med ulovleg opium er produsert i Afghanistan. Det er over 90 prosent av forbruket i verda, slik at totalen i år vil vere 30 prosent høgare enn det er marknad til. Resultatet er langt sterkare og reinare heroin, skriv Dagsavisen.

I et brev til helseminister Sylvia Brustad åtvarar leiaren for FNs narkotikakontor, Antonio Maria Costa, om «den svært alvorlege helsetrusselen mot Noreg, nemleg faren for ein kraftig auke i talet på dødsfall grunna heroinoverdosar».

Mange stoffmisbrukarar kjem til å døy fordi dei tek dosar med mykje meir heroin enn dei toler.

Helse- og omsorgsdepartementet har bedt Sosial- og Helsedirektoratet planleggje korleis norske helsestyresmakter skal reagere. (NPK)