Sysselmannen på Svalbard åtvarar lykkejegerar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den siste tida har utanlandske media laget ei rekkje reportasjar om Svalbard. Mange er vinkla slik at ein trur det berre er å kome til øygruppa og leve livet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Sysselmannen har vore i kontakt med mange frå fjern og nær som ønskjer å kome til Svalbard. Men no har han fått nok.

- Vi har sendt ut orientering til ambassadar, organisasjonar og enkeltpersoner der vi forklarer korleis situasjonen eigentleg er, seier Per Sefland, Sysselmann på Svalbard, til NRK-Nordnytt.

- På Svalbard møter du eit samfunn som er basert på det prinsippet at du sjølv må klare deg. Det å skaffe seg arbeid er slett ikkje enkelt. Og det å bu og leve her om vinteren er i alle fall ikkje lett, forsikrar Sefland.

På Svalbard gjeld ikkje Utlendingslova. Kven som helst kan busetje seg på øygruppa utan visum. I dag bur 1.997 menneske på Svalbard, av desse er 264 ikkje-norske statsborgarar. (NPK)