Gratis informasjon til alle

Artikkelen fortsetter under annonsen

All offentleg informasjon må bli gratis, meiner Elektronisk Forpost Norge.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

All offentleg informasjon bør vere gratis, meiner organisasjonen Elektronisk Forpost Norge.All offentleg informasjon bør vere gratis, meiner organisasjonen Elektronisk Forpost Norge.

Fornyingsminister Heidi Grande Røys inviterte i sommar private og offentlege aktørar til idédugnad. Målet var å skape verdas beste regjering og spare 15 milliardar kroner ved å velje riktige tiltak for utvikling av IT-politikken.

Organisasjonen Elektronisk Forpost Norge (EFN), ein elektronisk rettigheitsorganisasjon som jobbar med medborgarskap og juridiske rettar i IT-samfunnet, er gjerne med på å gi innspel til kva retning IT-politikken til regjeringa skal gå vidare. Dei har no lagt fram eit forslag i seks punkt til fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Dette er forslaget frå EFN til ein ny kurs i IT-politikken:


1. Data som kartverk, data frå SSB, Folkeregisteret og helsedata som legemiddelkatalogar, prisar, førekomst og sjukdomstrender bør vere gratis. Dommar bør også vere tilgjengelege, i tillegg til lovdata som vi kan lese i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

2. Brukarar må ha sikker tilgang til offentlege tenester, ved hjelp av ei eller anna form for elektronisk identifikasjon.

3. Noreg bør bli aktivt med i å utforme og finansiere arbeidet med opne standardar i internasjonale organ.

4. Staten skal ha tilgang til kjeldekoden for prosjekt dei sjølv betaler for.

5. Også kjeldekoden til verksemdkritiske applikasjonar må staten ha. Som døme blir det nemnt at britiske styresmakter krev å få kjeldekoden til fly dei kjøper frå USA, slik at amerikanarane ikkje kan kontrollere flya.

6. Ein bør setje strenge krav for å tildele patentar på programvare.

EFN har i haust også engasjert seg for å få

skattefritak for kunstnarar

, og for å

få til eit vern

mot at personlege opplysingar på nettet skal bli brukt mot folk som søkjer jobb.

  • Sjå heile innspelet frå EFN her

ABC Startida: