Opnar for pantelotteri

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei frivillige organisasjonane i Noreg har tapt mykje pengar på omlegginga av speleautomatane. No kan pantelotteri være redninga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo (ANB): 20. oktober vedtok regjeringa å opne for nye lotterikonsept, mellom anna pantelotteri. Det inneberer at den som pantar kan velje mellom å få pantelappen eller å trykke på ein knapp for å delta i eit lotteri, skriv Vårt Land.

Det er berre landsdekkjande humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar som får løyve til å drive pantelotteri. På sikt håpar Røde Kors å få inn mellom 50 og 100 millionar kroner på denne ordninga. (ANB)