Uroa over snusvanane til norsk ungdom

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein av tre gutar i 10. klasse brukar snus, og snusing aukar kraftig blant unge menn. No slår ekspertane alarm.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NTB:) Tal frå Sosial- og helsedirektoratet frå 2005 syner at nær éin av tre gutar i 10. klasse brukar snus, og at éi av ti jenter på same klassesteg også snusar.

- Talet er alarmerande høgt og vi er uroa, seier statssekretær Arvid Libak i Helse- og sosialdepartementet til Dagbladet.

- Det er veldig, veldig lett å verta avhengig av snus. Svært mange av dei som seier at dei berre snusar av og til vil fort verta hekta, meiner Libak, og varslar ein eigen kampanje mot snus.

Tala uroar også lækjarane.

- Somme meiner at snus ikkje er skadeleg. Det er feil. Det vart gjort ein ny gjennomgang av snus ved WHO sitt kreftforskingssenter i 2004. Denne viser at snus gjev auka kreftrisiko både i munnhola og i bukspyttkjertelen.

Kreft i bukspyttkjertelen har ein svært høg dødsrate, det er snakk om død på få veker, seier professor og kreftforskar Tore Sanner ved Radiumhospitalet.