Finn stadig bomber frå krigen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forsvaret har hittil i år fjerna rundt 10.000 sprengladningar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(c-kemp.de)(c-kemp.de)

(NPK): Livsfarlege bomber frå andre verdskrigen kan dukke opp overalt. Sprengstoffet held seg svært godt, og må reknast som livsfarleg, skriv Aftenposten.

Opptil 250 kilo tunge flybomber, granatar, geværammunisjon og miner blir funne der ein minst ventar det.

Major Jørgen Petersen ved Landsdelskommando Nord-Noreg, seier at sjølv fenghetter kan gjere stor skade. Petersen ber alle som finn sprengstoff om å vere varsame.

- Ikkje rør funnet. Merk av kvar det er, ta gjerne eit bilete og meld frå til politiet, seier han.

80 spesialutdanna operatørar, spreidde over heile landet, tek hand om det gamle sprengstoffet. (NPK)