Fråverande Tomm

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tomm Kristiansen er i Noreg for å lansere si siste bok. Men hjartet sitt har han lagt igjen i Afrika.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Eg møter Tomm Kristiansen i åttande etasje på ærverdige og pompøse Grand Hotel. Midt mellom Oslos besteborgarar og feite napoleonskaker sit vi og snakkar om Afrikas borgarkrigar, nedslakting, fattigdom og landas oppreisning.

Tomm Kristiansen er i Noreg ein liten svipptur, for å lansere boka «Afrika - En vakker dag»(Foto: Karoline Riise Kristiansen).Tomm Kristiansen er i Noreg ein liten svipptur, for å lansere boka «Afrika - En vakker dag»(Foto: Karoline Riise Kristiansen).

Fleire gonger merker eg at forfattaren ikkje til stades i samtalen - blikket vandrar, fell innover og han vert borte for meg. Grunnen: han fortel om livet sitt på eit kontinent langt borte, om livet han har i Afrika. Måten han fortel på, minnar om ekte kjærleik.

Forfatteren var NRK sin Afrika-korrespondent i ei årrekkje. Forfattar vart han med boka «Mor Afrika» i 1994, same år som han tok imot Den store journalistprisen. Sidan den tid har han gjeve ut fleire bøker som handler om Afrika, dette gedigne kontinentet han no er busett i: dets politikk, styresett, kultur, historie, optimisme og framtid.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Heime men likevel borte

Han har møtt Nelson Mandela på tomannshand og opplevd det han kallar «Mandela-magien». I dag arbeider han som seniorrådgivar for presidenten i Sør-Sudan, Salva Kiir.

- Du veit, eg bur ikkje her, men i Juba.

Han seier dette idet eg er i ferd med å setje meg.

- Og det er... det er berre heilt fantastisk. Han ler litt i skjegget, rører hovudet litt frå side til side, nesten som om han ikkje sjølv kan tru kor heldig han er.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg lever eit heilt annleis liv der nede, det kan ikkje samanliknast med noko. Ein kan ikkje førestella seg korleis, men det er berre heilt ...utruleg.

Forfattar og Afrika-ekspert Tomm Kristiansen kan fortelje korleis det er å ha ansvar for kommunikasjonen i eit land utan massemedia, korleis det er å vere på marknaden hos slaktaren før flugene kjem, om eit meidieskapt bilete av eit land i vekst etter 20 år med borgarkrig, om gårsdagens myter og kor pussig livet til Tomm har arta seg, der han er ein del av den politiske eliten og freistar å omgjere presidentens intiativ til omverda.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kven veit, kanskje får vi til og med telefon der nede ein dag? Han stiller spørsmålet ut i lufta og stirrer same vegen.

Jeg er tilbake. Det er en kald vinterdag i mai 2005, det har regnet. Jeg står nede i veien med gråten i halsen samtidig som jeg kjenner raseriet stige. Det er ikke mulig! Alle husene over hele åsen er borte, skurene opp langs bakkene er revet. Det er som en katastrofe. Jordskjelv? Flom? Brann? Eller bedre: Har de flyttet inni nye hjem annetsteds? Nei, hele dette livlige samfunnet er knust, bulldosert og brent ned.

Kjønnslaus høvding


- Du kan vel seie at eg «heng» rundt presidenten seier han, ler og snur seg mot meg - han er tilbake igjen. Og med ein god glød og latter vier han meg all merksemd - enn så lenge.

I boka «Afrika - en vakker dag» går Tomm Kristiansen bak overskriftene til media og fortel om kontinentet og den store endringa og utviklinga som skjer i dag. Han skriv om kvardagsliv, politikk, krig og menneska som blir ramma av vald og urettferd - og som reiser seg igjen, mot alle odds. Boka inneheld mange av dei enkelthistoriene til menneska som Tomm har møtt og som har delt historia si med mannen frå Nord. Dessverre er alle sanne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Du må gripe inn, Dambisa.
- Tomm, jeg kan ikke. Hun er ikke klar for det.
- Men hun er jo døende!
- Nombulelo har ikke erkjent at hun har HIV. Det kan ikke snakkes om, jentene vet det ikke.
- Det gjør de vel.
- Det gjør de nok, men ingen har sagt det høyt, ingen har satt ord på det. Hun går ikke til legen for å bli behandlet. Da kan jeg intet gjøre.
- Kom, la oss gå tilbake!

- Sidan eg ser ut som eg gjer, gammal, kvitt hår og skjegg, ser dei på meg som ein slags høvding, kan Tomm fortelje. - Dei behandlar meg også som kjønnslaus sidan eg er kvit, for dei er eg verken mann eller kvinne. Derfor trur eg det blir enklare for dei å dele desse private historiene med meg, sjølv om eg er utanifrå. Eg er ein framand, for dei er eg fargelaus. Det gjer at dei fortel meg historiene sine, medgir han.

Massemord og tilgjeving


Forfattaren går bak media sine overskrifter for å fortelje oss om eit kontinent i dramatisk utvikling. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)Forfattaren går bak media sine overskrifter for å fortelje oss om eit kontinent i dramatisk utvikling. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og det er mange som har letta hjarta sitt til Tomm Kristiansen. Historiene er heftige i «Afrika - en vakker dag». Lesaren får innblikk i så mange tragedier, at det nesten kan bli for mykje, den eine overgår den andre, sanninga er hard å svelje og dette er langt frå historier som eignar seg som sengelektyre. Sjølv bruker han skrivinga for å bearbeide alt som blir fortald han.

Og selv om hæren ikke var rød, skar svarte opprørsbevegelser i Mosambik, Sierra Leone og Nord-Uganda av armer og bein, bryster og peniser. Og her er mer. I bukavu, Kongo, går kvinnene stivbente rundt etter å ha blitt fysisk ødelagt gjennom soldatenes voldtekter. I Port Elisabeth sitter en bitter mann i rullestol med ødelagt liv og helse, innbruddstyvene banket ham opp. I Zimbabwe drar to ungjenter en plastduk over hodet og gråter over at mor og far er borte. Huset ble revet av regjeringen i natt, og det er vinter. I Malawi er et følge på vei til kirken for å gravelegge et barn...

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg har enorm respekt for desse menneska, dei som har vorte krenka på det grovaste men som likevel har verdigheit. Evna til forsoning og til å tilgje er unik i Afrika, den er heilt uforståeleg til tider. Og Tomm Kristiansen fortel om massemordarar som buset seg i nabohuset til offera, om den gongen han var i ei gudsteneste der halvparten var massemordarar og den andre halvparten offer.

Tomm Kristiansen er sjølv kristen, men meiner det er eit mirakel at denne tilgjevinga er mogleg.

- Freden er ikkje berre basert på våpenkvile, men også på ei eineståande evne til å tilgi. Og denne evna er heilt spesiell for folket i Afrika. Dei kan kanskje ikkje eit kraftverk, men dei kan utrette mirakuløse ting på grunn av evna til å tilgje.

- Optimismen i Afrika er også heilt fantastisk, seier han plutselig. Der er vel kanskje derfor...

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han sit stille medan eg noterer. Blikket har igjen felle innover, igjen er han borte. Sjølv om kaklinga frå kaffeslaberaset i bakgrunnen er forstyrrande, ser det ut som om han ikkje reagerer på noko rundt seg lenger.

- Blir du i Afrika for godt? spør eg han. Han snur seg raskt tilbake. - Å nei, det er berre eit eller to år, så er eg tilbake i Oslo, og hamnar nok på Marienlyst igjen, smiler han.
- ... Eller det vil seie, om dei ikkje har gløymt meg då, humrar han og rundar av.

Og kven veit, kanskje satsar Tomm Kristiansen på nettopp dét.

Kanskje er det denne blomstrende livsgleden og den dampende optimismen som trekker meg mot Afrika, og gjør at de dystre tallene altdri får siste ord. For hva kunne ikke dette Afrika fått til, om de lyktes med sin latter og optimisme, sin tålmodighet og oppfinnsomhet.
Det kunne blitt til noe.
En vakker dag.