Brus og saft aukar kreftfaren

Artikkelen fortsetter under annonsen

Drikk du mykje brus og saft, doblar du sjansane for å få kreft i bukspyttkjertelen, viser ein studie frå Karolinska institutet i Stockholm.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss ein vil leve lenge, kan det hjelpe å halde seg unna brusen, skal vi tru ein svensk studie. (Foto: Wikipedia)Viss ein vil leve lenge, kan det hjelpe å halde seg unna brusen, skal vi tru ein svensk studie. (Foto: Wikipedia)

Instituttet har spurt 80 000 personar om kva dei et i kvardagen. Konklusjonen er at dei som drikk saft og brus to gonger om dagen, nesten doblar risikoen for å få kreft i bukspyttkjertelen.

Viss ein i tillegg har sukker i kaffien fem gonger om dagen, gjer dette risikoen heile 70% større, skriv den svenske avisa

Aftonbladet

.

Mykje insulin


Forskarane trur at det er den høge mengda insulin bukspyttkjertelen må produsere når ein et mykje sukker som er årsaka til den auka kreftfaren.

Dette er første gongen det er forska på forholdet mellom sukkerkonsum og kreft i bukspyttkjertelen, og derfor må det gjerast fleire studiar før ein kan vere sikker på at resultatet kan sjåast som ei vitskapeleg sanning.

Sjeldan, men farleg


Også røyking og feit mat aukar faren for å utvikle denne krefttypen. Likeeins står ein i fare viss ein har kronisk betennelse i bukspyttkjertelen. Kreft i bukspyttkjertelen er ikkje veldig vanleg, i Sverige blir knapt 900 sjuke i året.

Men det er ein farleg kreftform med dårlege prognosar, sjukdommen blir gjerne oppdaga seint og er vanskeleg å behandle. Berre tre-fire prosent av dei som får sjukdommen er i live fem år etter at diagnosen er stilt.

Resultata av undersøkinga kan ein lese i novembernummeret av The American Journal of Clinical Nutrition.


Kjelde:

Les meir i Neste Klikk:

ABC Startsida: