Ja til dyreorgan i menneske

Regjeringa seier ja til bruk av dyreorgan i menneske. Helseministeren trur slike organ kan brukast til å behandle sjuke i framtida.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Oslo (ANB): Det vert kalla xenotransplantasjon når levande vev eller organ frå dyr vert brukt i menneske. No foreslår regjeringa at dette skal verta tillete i Noreg - under svært strenge vilkår. Dette er ikkje noko etablert behandlingsmetode i noko land enno, men det skjer forsking på området. Derfor meiner helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad at Noreg bør vere førebudd.

- Xenotransplantasjon kan bli eit behandlingsalternativ for ulike sjukdommar i framtida. I så fall vil det vere viktig å ha naudsynte lovreguleringar på plass, seier Brustad. (ANB)

Personvernpolicy