OECD kritiserer sjukelønsordninga

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den norske sjukelønsordninga får sterk kritikk i ein rapport frå OECD.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Legane må bli strengare. Vi må ikkje bli så sterkt freista til å vere heime frå jobb.

Ifølgje OECD har Noreg fleire på sjukeløn enn noko anna medlemsland, dobbelt så mange som gjennomsnittet. Utgiftene til sjuke og arbeidsuføre er høgare enn i noko anna OECD-land.

Noreg brukar fire gonger meir av brutto nasjonalproduktet enn gjennomsnittet, heiter det i rapporten frå OECD. (NPK)