Eit stille fly

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag blir ein heilt ny type fly lansert i London. Flyet er meir miljøvenleg enn dagens fly og bråkar ikkje meir enn ein vaskemaskin.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Støy frå fly som tar av og landar kan vere svært sjenerande og plagsamt, det kan alle som bur nær ein stor flyplass skrive under på. No har 40 forskarar frå The Cambridge-MIT Institute brukt tre år på å prøve å løyse støyproblematikken gjennom prosjektet Silent Aircraft Initiative.

Slik ser forskarane bak Silent Aircraft Initiative for seg at framtidas fly bør sjå ut. (Ill: cambridge-mit.org)Slik ser forskarane bak Silent Aircraft Initiative for seg at framtidas fly bør sjå ut. (Ill: cambridge-mit.org)

Resultatet er eit fly som støyar like lite som ei vaskemaskin eller tilsvarande hushaldsapparat. Me snakkar då om den støyen ein målar utanfor flyplassen.

Bynært


- Folk er viljuge til å betale for å ha ein flyplass i komfortabel nærleik, seier visepresidenten i Teal Group som er ein av luftfartskonsulentane for forskargruppa til Sydney Morning Herald.
- Det ligg ein økonomisk vinst i å ha bynære flyplassar, men då må ein prøve å gjere dei så stille som mogleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kilovis med CO2


Miljøvernminister Helen Bjørnøy oppmoda i helga det norske folket til å fly mindre for å redusere forureininga. Det nye flyet vil i så måte gle både miljøet og miljøvernministeren. Det skal nemleg vere meir drivstoffeffektivt, og såleis syter det for at både støyforureininga og CO2-utsleppa minskar.

I dag medfører ei reise tur-retur Stavanger-Oslo eit utslepp på 202 kg CO2 per passasjer, ifølgje nettstaden Mitt Klima sin utsleppskalkulator. Ein tur frå Stavanger til Roma og attende vil medføre eit utslepp på 1,16 tonn CO2. Det er per i dag ikkje sikkert kor mykje mindre CO2 den nye flytypen vil sleppe ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Annleis i flykroppen


Skilnaden mellom det stille flyet og dagens fly ligg mellom anna i sjølve flykroppen. For medan dagens fly er bygd opp som ein tube med vengjer, så vil det nye flyet i praksis berre vere ei stor vengje. Dette designet gjer at flyet kan vere i lufta med mykje lågare fart, og dermed kan det sveve inn til landing utan å bråke så mykje.

Artikkelen fortsetter under annonsen

På dagens fly er det særleg bremseklaffane som sit under vengjene som er med og lagar støy. Det nye flyet har ikkje slike bremseklaffar.

Opp og ut


Andre støy- og drivstoffreduserande faktorar er nye, energieffektive motorar som vert plassert bak på flykroppen slik at lyden blir ført ut og opp, i motsetnad til dagens gassbrennarar som heng under vengjene.

Litt her og litt der


Det er ikkje truleg at denne flytypen, som er produsert frå botnen av, vil bli brukt i sin heilskap. Meir sannsynleg vil flyprodusentane plukke og bruke enkeltelement frå denne nye, stille flytypen.

Boeing Commercial Airplanes i Seattle har vore ei av ressursgruppene til forskarteamet, og miljøleiaren Billy Glover seier det viktige med eit designprosjekt som dette er å sjå kor ekstremt ein kan dra produksjonen.

- Og undervegs i designprosessen vil det forhåpentleg dukke opp nyttige biprodukt.

Flyet, som blir presentert i London i dag, skal ha plass til 215 passasjerar. Det vil ikkje kunne vere på vengjene før i 2030.

Kjelder: The Cambridge-MIT Institute , BBC , SMH


Meir i Neste Klikk:


ABC Startsida:

Natur og teknologi